Kva skal dette bygget nyttast til etter 2020?

Kommunen ber innbyggjarane om innspel

Kommunehuset Smia   Foto: Roy AronMyklebust

New Articles

Hornindal kommune oppmodar innbyggarane om å kome med forslag innan 27. mars om kva kommunehuset Smia skal nyttast til etter samanslåinga med Volda kommune.

I rimeleg tid før samanslåinga må det vere avklart kva tenester som skal vere tilgjengelege i kommunehuset på Grodås.

Intensjonsavtalen slår fast at Volda sentrum blir kommunesenteret og at kommunale administrative arbeidsplassar skal så langt det er praktisk mogleg fordelast etter folketal.

- Skular, barnehagar, helse-/legesenter og omsorgsinstitusjonar vil liggje der dei ligg i dag, og vert ikkje røyvd av kommunesamanslåinga, stadfestar kommunen på sine heimesider.

Høyringsrunda om kva tenester som skal vere tilgjengelege på Smia pågår og i tillegg til prosjektleiaren si tilråding, har kommunen har lagt ut følgande utdrag frå høyringsnotatet på sine heimesider:

  • Prosjektleiaren rår til at følgjande funksjonar vert gjort tilgjengleg ein dag i veka, og elles ved behov:
    • Landbrukstenester/landbrukskontor
    • Byggjesakshandsaming
    • Kart/oppmåling
    • Reguleringsplanlegging
  • Bibliotek og frivillegsentral held fram i sine lokale på Smia.
  • Det vert foreslått at Smia skal vere heildagsopen med mottaksfunksjon for innbyggjarar og publikum måndag, onsdag og fredag. Dette inneber ein utstrakt servicefunksjon frå sentralbasen i den nye kommunen, slik at ein representerer heile kommunen uavhengig av kvar ein arbeider frå.
  • Møtelokala på Smia vil verte brukt til ulike arbeidssamlingar og møteaktivitet for administrasjon og politiske utval i nye Volda.
  • Prosjektleiar for nye Volda Kyrkje seier følgjande om prosess for kyrkjekontor:«Når det gjeld tilgang til kontor i Hornindal ser vi ikkje for oss eit fast kyrkjekontor, men det å ha høve til å nytte eit kontor med ein arbeidsplass med internettilgang.»
  • Nye Volda vil ha felles NAV-kontor med Ørsta kommune. Korleis dette skal organiserast vert å avklare i prosjektet som er i gang. Det bør vektleggjast å finne ei mest tenleg løysing, men der dette vert å kome attende til i samband med handsaming av samarbeidsavtalen for NAV-kontor mellom Ørsta kommune og nye Volda.
  • Smia utvikling er allereie etablert på Smia i tillegg til at det er planlagt fast opningstid for landbrukskontor. Prosjektleiaren føreslår at ein arbeider med sikte på å kunne få til næringsetablering på Smia i tillegg til dei kommunale tenestene som er skissert i høyringsnotatet.