Tre strynejenter i Youngstar

Strynejenter: Emilie Flo Stavik (Markane) t.v., Ann Kristin Aaland (Hardbagg) og Maren Hjelmeset Kirkeeide (Markane) skal delta i Youngstar komande torsdag.  Foto: Markane IL

New Articles

Komande torsdag går Youngstar i skiskyting, fellesstart, av stabelen i Holmenkollen. Youngstar er ein konkurranse som samlar dei beste 15- og 16-åringane i landet.

Av Region Vest (Hordaland og Sogn og Fjordane) sine fire plassar i jenteklassen finn vi heile tre frå Stryn.

Maren Hjelmeset Kirkeeide (Markane), Ann Kristin Aaland (Hardbagg) og Emilie Flo Stavik (Markane) er alle tekne ut til konkurransen. Guro Femsteinevik (Hålandsdalen) går også frå Region Vest.

Region Vest har to plassar i guteklassen. Her stiller Magnus Skeide Bakke (Eid) og Kasper Mundal (Stårheim).

Indre Nordfjord er såleis godt representert i nasjonalanlegget torsdag.