Stryn sitt gutelag vann igjen

Vann mot Sogndal: Bak f.v. Jørn Peder Sætre (trenar), Trym Vatn Øvreberg, Lukas Leirgulen, Sander Sande Tenden, Jørgen Trøsken, Jon Nesdal, Saeed Tajik, Jens Aarnes Kleppe og Per Ole Tenden (trenar). Framme f.v. Anders Svarstad Hole, John-Erlend Bø, Erik Paulsen, Trym Hogrenning, Tobias Tansøy Veum, Martin Sætre, Jon Magnus Sollid og Kasper Bjørkedal Eide.  Foto: Privat

New Articles

Stryn fotball sitt gutar 16-lag vann heile 5–0 i ein kvalifiseringskamp i cupen borte mot Sogndal tysdag kveld.

Trym Vatn Øvreberg (straffe), Trym Hogrenning og John-Erlend Bø (3) scora for Stryn. Kampen gjekk på Fosshaugane Campus.

Stryn, Sogndal og Førde spelar enkel serie om kven som får representere Sogn og Fjordane i NM Telenor Cup. Sidan Førde også har vunne over sogndølene blir laurdagens kamp mellom Stryn og Førde på Stryn stadion avgjerande for kven av dei to som får representere fylket i cupen.