Moods of Norway blir Moods

  Foto: Roger Oldeide

New Articles

Den konkursramma kleskjeda Moods of Norway startar opp att under varemerket "Moods", fortel Dagens Næringsliv.

Torsdag 21. mars opnar den første Moods-butikken dørene i Oslo saman med ein eigen nettbutikk. Dei kjende rosa traktorane er bytt ut med grafittikunst.

Moods of Norway gjekk konkurs hausten 2017 med ei gjeld på 112 millionar kroner. Fleire av gründerane var med å kjøpe buet og etablerte selskapet Retail Drift.

Retail Drift har åtte tilsette og er leidd av Gunn Heidi Lilleengen, medan styreleiar er Jan Egil Flo. Hovudeigarar er Jan Egil Flo (69 %) og Simen Staalnacke (9 %). Aksjeselskapet er døypt om til Retail Drift og har hovudsete i Stryn med ein butikk som sel klede under varemerket "Moods"

– Ein butikk må vere meir enn ein butikk med klede. Vi har gjort ein grundig jobb med førebuingar. Eg føler meg trygg på at vi skal få til dette. Når vi opnar butikken i Oslo, vert også butikken vår på nettet lansert. Målet for 2019 er ei samla omsetning på 80 millionar med eit nullresultat, seier Gunn Heidi Lilleengen til Dagens Næringsliv.

(NPK)

Til Fjordingen seier Jan Egil Flo at det blir butikkopning i Stryn neste torsdag.