Første kvalikrunde i cupen:

Intenst lokaloppgjer?

Comeback: Mads Wie er tilbake i strynedrakta etter ein sesong i Sandane.  Foto: Stig Høynes (arkiv)

New Articles

Det er duka for eit realt lokaloppgjer i fotball på søndag når Stryn og Eid gjer opp om kven som blir med vidare i cupen.

– Vi er bra i rute, sjølv om vi har nokre skadar. Vegard Sæten Hopland er usikker då han slit med lysken, det er den same skaden som plaga han førre sesong. Vidare er Håvard Kroken, Tanel Melts og Stian Olsbø tvilsame til cupkampen, seier trenar Geir Inge Rake.

Han er likevel ikkje bekymra då han meiner troppen er betre og breiare enn i fjor.

– Vi har gode erstattarar, og Mads Wie er tilbake og motivert og gira på å gjere det bra, fortel Rake. Også Wie har slite med skade, men er i kamptroppen mot Eid.