NM i skiskyting:

Tarjei Bø tok sølv

Sølv: Tarjei Bø vart nummer to på fredagens normaldistanse i NM.  Foto: Svein Halvor Moe (arkiv)

New Articles

Tarjei Bø tok sølvmedalje då NM normaldistanse gjekk av stabelen på Ål i Hallingdal fredag.

Stryningen hadde los på gullet og Kongepokalen, men eitt bomskot på siste ståande skyting kosta 30-åringen førsteplassen.

Det var Sindre Pettersen fra Nittedal som vann Kongepokalen og vart norsk meister på normaldistansen. Pettersen hadde berre to tilleggsminutt i vinden på Ål, skriv skiskyttarforbundet i ei pressemelding.

Tarjei Bø gjekk inn til sølv, 31 sekund bak Pettersen med to tilleggsminutt. Erlend Øvereng Bjøntegaard tok bronsen med tre bom.

Johannes Thingnes Bø gjekk inn til 4. plass, med fire tilleggsminutt.

NM held fram med jaktstart på laurdag.