2. plass i norgescupfinalen

2. plass: Gunn Kristi Tvinnereim (t.v.), Hardbagg/Stryn vgs, gjekk inn til 2. plass i norgescupfinalen i skiskyting.  Foto: Nordfjord Team

New Articles

Gunn Kristi Tvinnereim, Hardbagg/Stryn vgs, gjekk inn til 2. plass i laurdagens norgescupfinale i skiskyting, fellesstart i klasse K17.

Tvinnereim skaut feilfritt på dei to første skytingane, medan ho på tredje og fjerde skyting fekk høvesvis tre og to bom. I mål var ho 47 sekund bak vinnaren Gro Njølstad Randby frå Ivrig IL/NTG Geilo. Linnea Winsvold frå Lier/NTG Lillehammer tok tredjeplassen, 12 sekund bak Tvinnereim.

Gunn Kristi kunne etter løpet avsløre at ho hadde vore noko nervøs før løpet:

- Eg var litt dårleg kvelden før og på morgonen, men det gjekk over utover dagen. Eg var veldig nervøs ja!

Hardbaggløparen kan sjå tilbake på ein særs god sesong der ho mellom anna tok bronsemedalje i junior-NM nyleg. Ho vart også nummer to samanlagt  i norgescupen.

Ingrid Heggen, Stårheim/Stryn vgs, var også blant dei 20 jentene som fekk gå norgescupfinalen. Ho kom i mål på ein 18. plass.

I klasse M20-21 vart Isak Nikolai Hopland, Hardbagg, nummer 18, medan Vegard Skrede, Hardbagg/Team Glalaks, kom på 19. plass.

Simon Hjelmeset Kirkeeide, Markane/Stryn vgs, gjekk inn til 12. plass i klasse M19.

Martin Aaland vart nummer 22 i klasse M18.

Bendik Vereide, Stårheim/Stryn vgs, vart nummer 26 i klasse M17.