NM i skiskyting:

Gull til Tarjei, bronse til Johannes

Pallen: Tarjei Bø vart norsk meister på jaktstart laurdag. Lars Helge Birkeland (t.v.) tok sølvet, medan Johannes Thingnes Bø tok bronsen.  Foto: Nordfjord Team

New Articles

Tarjei Bø tok gullet på laurdagens jaktstart i NM i skiskyting. I mål var stryningen 18 sekund føre nummer to, Lars Helge Birkeland.

Bø skaut feilfritt på dei to første skytingane. Med ein bom på kvar av dei to siste skytingane gjekk stryningen ut 11 sekund føre Birkeland på siste runden.

Johannes Thingnes Bø tok bronsen etter seks strafferundar (2-2-2-0), 1.09 minutt bak storebror Tarjei. Med feilfri skyting på siste ståande blanda verdscupvinnaren seg inn i medaljekampen, og 25-åringen slo Erlend Øvereng Bjøntegaard (1-1-1-3) etter ein spurtduell.