NM i skiskyting på Ål:

Stafettgull til Sogn og Fjordane

Gull: Tarjei Bø (t.v.) og Johannes Thingnes Bø var med å sikre gullet på NM-stafetten.  Foto: NSSF (arkiv)

New Articles

Sogn og Fjordane sitt lag sett saman av Ole Martin Erdal, Håvard Gutubø Bogetveit, Tarjei Bø og Johannes Thingnes Bø sikra seg gullet på skiskyttarstafetten søndag.

Brødrene Bø gjekk dei to siste etappane.

Ole Martin Erdal gjekk ein god førsteetappe og veksla som nummer seks, halvminuttet bak teten. Bogetveit følgde opp og sende Tarjei Bø ut på tredje etappe, berre 13,4 sekund bak Oslo/Akershus sitt 2. lag.

Tarjei Bø, som stod med NM-sølv på normaldistansen og gull på jaktstarten, gjekk ein solid etappe og kunne sende verdas beste skiskyttar, Johannes Thingnes Bø, ut på siste etappe med ei leiing på 22,3 sekund.

Thingnes Bø svikta ikkje, og i mål var han 16,5 sekund føre Oppland 1. Oslo og Akershus sitt 2.lag tok bronsen, over tre minutt bak Sogn og Fjordane.

Karoline Erdal, Gunn Kristi Tvinnereim og Ingrid Heggen utgjorde stafettlaget for damane. Her vart det til slutt ein 18. plass på Sogn og Fjordane. Ein respektabel prestasjon av det unge laget.