Dale vil levere lokalaviser tre dagar i veka – på rekninga til skattebetalarane

Samferdsleminister Jon Georg Dale.   Foto: Torbjørn Tandberg

New Articles

Regjeringa vil endre postlova og levere aviser på døra tre dagar i veka. Rekninga skal betalast av skattebetalarane, men lokalavisene er ikkje fornøgde.

I forslaget, som skal behandlast i statsråd onsdag, blir det foreslått å ha utkøyring av post to og ein halv dag i veka, altså to dagar den eine veka, før det blir tre den neste. Etter planen vil endringa tre i kraft 1. juli 2020. I dag leverer Posten rundt 15 prosent av avisene i landet, noko som svarer til 173.000 eksemplar kvar dag.

I dag blir det levert post fem dagar i veka i Noreg, men Posten ønsker 2,5 omdelingsdager i snitt på grunn av nedgangen i brevpost. Forslaget seier at avisleveringa skal skje fast på tysdag, torsdag og laurdag, då enten av Posten eller andre private aktørar. Tidlegare frykta lokalavisene at leveringsdagane ville variere frå veke til veke.

– Avisbransjen har sagt at dei ikkje kan ha abonnementsstruktur der dei byter dagar heile tida. Derfor landar vi no på ei løysing der vi kjøper ein fast omdelingsdag tysdag, torsdag og laurdag. Det betyr at avisene som kjem ut tre dagar i veka, kan tilpasse seg dei omdelingsdagane og ha ei føreseieleg utdeling, seier samferdselsminister Jon Georg Dale (Frp).

Fire år for omstilling

Forslaget er førespegla å ha ein verknad fram til juli 2023. Det betyr at lokalavisene får fire år på seg til digital omstilling. Det betyr at lesarar av aviser som har fem eller seks utgåver i veka, må belage seg på å få dagens og gårsdagens avis på leveringsdagane, om dei ikkje kan nytte seg av postboks eller post i butikk når det ikkje er leveringsdagar. Eventuelt må ein flytte abonnement over på digitale flater. Dale trur det er ei toleleg løysing for lokalavisene.

– Vi sikrar med dette at veldig mange vil oppleve at lokalavisene vil komme ut som dagsferske i papirutgåve i fleire år, og det gir nødvendig omstillingstid for mediebransjen, seier statsråden til NTB. Han trekkjer òg fram at regjeringa tar sikte på å setje av om lag 10 millionar i støtte til avisene som blir særleg omfatta av endringane i postlova for å hjelpe dei med digital omstilling.

Uviss framtid

På spørsmål om kva som skal skje med lokalavisene når perioden går ut i 2023, svarer Dale at det er vanskeleg å spå.

– Å spå om framtida er alltid vanskeleg. Men vi ser at det digitale skiftet kjem veldig mange plassar. No går vi for dette fram til 2023, så får vi gjere ei fornya vurdering då. Det viktigaste er at vi har innretta dette på ein måte som hjelper mediebransjen med digitaliseringa, seier samferdselsministeren. Han reknar med at kostnadene for avisleveringa vil ligge opp mot 250 millionar kroner årleg, og seier det er eit viktig bidrag for å sikre mediemangfald.

Misnøgd LLA

Generalsekretær Rune Hetland i Landslaget for lokalaviser (LLA) er ikkje nøgd.

– Det hjelper ikkje kor mykje ressursar ein legg i journalistikken om han ikkje når fram til lesarane. Post i butikk er fint på Frogner, men det er mange plassar der ein må reise langt for å nå post i butikk eller postboksløysingar, seier han. Hetland stussar over at regjeringa går inn for å kutte i mengda leveringsdagar for avisene, like etter at dei i mediemeldinga gav uttrykk for eit ønske om å sluse ein større del av mediestøtta til lokalavisene i landet.

– Det har komme ei mediemelding som viste at regjeringa vil satse på og styrke lokalavisene. Vi er heilt avhengige av at den satsinga òg gjeld distribusjon. Vi må tru at det blir gode kompensasjonsordningar og ser med forventning og spenning fram til å sjå kva forslaget går ut på, seier Hetland.

(©NPK)