Kvinne i 20-åra omkom

  Foto: Thomas Thaule

New Articles

Personen som var involvert i ei speedgliderulukke ved Hoven i Loen søndag, er stadfesta omkomen.

Avdøde er ikkje formelt identifisert, men politiet har informasjon om at avdøde er ei norsk kvinne i 20-åra, skriv Vest politidistrikt i ei pressemelding søndag kveld.

- På bakgrunn av dette er varsling av pårørande iverksett. Avdøde vil bli obdusert. Politiet har oppretta sak på forholdet, og den vidare etterforskninga blir ved politiet i Nordfjord, opplyser operasjonsleiar ved Vest politidistrikt, Arve Samsonsen.