Oldestafetten i flott vårvêr

Oldestafetten 2019: Vinnar Open klasse, Team HPG (Hans Petter Galtung, lærar v.g.s.) f.v. Daniel Brekke, Andreas Flo Stavik, Daniel Auflem Eikås, Vegard Vinsrygg Steen og Rickard Loen.  Foto: Leif Vinsrygg

Løyperekord: Guteklassen med ny løyperekord av Jølster, f.v. Åsmund Sunde Førde, Ard Ragnar Sundal, Simen A Sunde, Kristoffer Sandal og Jakob Slåtten  Foto: Leif Vinsrygg

New Articles

Olden idrettslag sin 65. stafett søndag samla 28 lag, 10 fleire enn i fjor. Mykje folk synte stor interesse og heia laga fram etter flott innsats.

Gutane til Jølster sette ny løyperekord. Jølster idrettslag tok sigeren heim i gute-, jente-, veteran- og herreklassen.

Men det var også overraskingar i open klasse. Her stilte heile seks lag opp, mange med fornøyelege namn: B-gjengen, Røvarane og Team Åjauuu frå Olden, Politiet stilte med lag, og to lag frå Stryn v.g.s. hevda seg særs godt.

Gymlærar og Olden idrettslag sin mentor, Hans Petter Galtung sitt lag vann Open klasse så vidt føre skiskyttarlinja.

Resultat:

Gutar: 1. Jølster, 5.36,9, 2. Hyen 7.06,0

Jenter: Jølster: 6.33,6, 2. Hyen 1, 7.06,0

Open kl.: 1. Team HPG, 7.40,5, 2. Stryn v.g.s Skiskyttarlinja, 7.41,3. 3. Politiet, 8.32,2

Du kan lese meir om Oldestafetten i papiravisa.