Mæland varslar fleire samanslåingar

Kommunal- og moderniseringsminister Monica Mæland er misnøgd med tenestetilbodet i dei små kommunane og vil gi pengar til fleire kommunesamanslåingar.

Næringsminister Monica Mæland seier regjeringa ikkje har oppfatta at reiselivet har ønskt å prioritera ei sertifiseringsordning for guidetenester. Difor er eit slikt forslag heller ikkje med i reiselivsmeldinga.   Foto: Bendiksby, Terje

New Articles

Dei minste kommunane i landet har mellom anna utfordringar med å rekruttere kompetent arbeidskraft og nedgang i befolkningstalet, skriv Dagbladet. Mæland ønsker at fleire kommunar skal samarbeide om utfordringane og varslar støtteordningar til kommunar som ønsker å utforske moglegheitene for samanslåing.

– Vi må opp i innbyggjartal for å kunne gi robuste tenester, seier Mæland (H) til Dagbladet.

Leiar i Senterpartiet, Trygve Slagsvold Vedum, meiner arbeidet mot dei små kommunane og for samanslåing er respektlaus.

– Det er mangel på respekt overfor dei tusenvis av folkevalde som har hatt lange prosessar, sagt sitt og konkludert. I staden for å høyre på folk i kommunane vil toppleiinga framleis legge press på samanslåingar.

Han meiner rekrutteringsutfordringane heng saman med at andre kompetansearbeidsplassar blir nedlagde.

– Sentralisering avlar sentralisering. For å spare inn pengar blir høgskular og sjukehus lagt ned. Dei stolar ikkje på det lokale vettet, seier Vedum.

Mæland understrekar at dette ikkje skal skje i departementet, men ute i kommunane og at det er fri vilje som gjeld.