Tilbake på vinnarsporet?

Hedda Vatn Øvreberg og Stryn møter Studentspretten måndag kveld.  Foto: Stig Høynes

New Articles

Etter det sure 1-2-tapet heime mot Sandane torsdag skal Stryn måle krefter mot Studentspretten på Stryn stadion i kveld.

Stryn, som berre har spelt to seriekampar til no i sesongen, møter eit studentlag som står med sju poeng på sine fire kampar så langt. "Spretten" slo mellom anna ein av favorittane i 3.divisjon, Førde, heile 5-1 på bortebane i sist kamp.

Om Stryn ikkje skal kome altfor langt bakpå i høve dei andre topplaga bør det helst bli poengfangst denne gong.