Stryn Vinterski

Får 2,5 mill. i kommunal støtte

15 av 24 røysteføre i kommunestyret støtta Stryn Vinterski sin søknad

Stryn Vinterski Stryn Vinterski fekk innvilga søknad om ekstraordinær støtte frå kommunen. Midlane vil tas i bruk alt til komande sesong 

New Articles

Saka om støtte til Stryn Vinterski var gjenstand for mykje diskusjon under kommunestyret tysdag. I strid med rådmannen si tilråding om avslag, fremma Sonja Øvre Flo på vegne av Høgre, Frp og Arbeiderparti følgande framlegg;

1. Stryn kommune innvilgar søknad om ekstraordinær støtte til utvikling av Stryn Vinterski 2.540.000,- kroner

2. Finansiering ved bruk av disposisjonsfond.

15 av 24 røysteføre støtta endringsframlegget som var i tråd med formannskapet sitt ønskje.

Juniorheis og snøproduksjonsutstyr er stikkord for kva pengane skal nyttast til alt komende sesong.

Meir om denne saka og kommunestyret kjem