Olden skule:

Kan få 1 mill. til ny gymnastikksal

Kommunestyret avgjer i dag tysdag

gamalt og slite: Elevane Nicklas Sunde Haugen og Tirill Flo fasatslår at golvet på gymnastikksalen deira er elendig. – Alt er veldig gamalt her, seier dei.  Foto: Roger Oldeide (Arkivfoto)

New Articles

Som Fjordingen har omtala er gymnastikksalen ved Olden skule nedslitt. Det har ikkje vore gjort noko med den sidan den vart bygd i 1967.

Rådmannen påpeikar at heile gymsalen treng rehabilitering og at golv og lys er ikkje tilpassa dagens krav.

- Ved oppstart av arbeid med golvet vart det oppdaga aspest. Dette må ordnast før ein kan gå vidare. Då dette er svært kostnadskrevjande, vil byggesteg 1 med nytt golv/lys bli meir omfattande enn først antatt, skriv rådmannen som har følgande tilråding før kommunestyret si handsaming tysdag. 

- I tiltak 22105 Gymsalen på Olden skule vert låneramma i 2019 auka med kr. 500.000,- til 1.000.000 kroner. Den auka kostnaden på kr. 17.500,- til rente og avdrag vert henta frå disposisjonsfondet.