Redningsøving i Hornindal

Illustrasjonsbilde.  Foto: Hans Holmøyvik (arkiv)

New Articles

Elveredningsgruppa i Sogn og Fjordane Røde Kors Hjelpekorps skal ha øving i Hornindal onsdag ettermiddag.

- Det vil vere ein del helikopteraktivitet i området rundt Storebrua ved Tomasgard i ettermiddag, mellom anna skal det firast ned redningsdykkarar i eit juv, opplyser Sindre Kiviranta som er fagleiar for elveredningsgruppa i Røde Kors i fylket.

Han seier at øvinga vil halde på i om lag ein time. Også folk frå brannvesenet vil delta.