Opnar ekstrem via ferrata

Ekstrem via ferrata: Siste finpuss før den offisielle opninga av klatreruta Ragnarok på laurdag. Ole Runar Aabrekk er med på arbeidet.  Foto: Per Helge Bø

New Articles

Laurdag er det offisiell opning av den nye via ferrataen, Ragnarok, i Loen.

Og denne via ferrataen er ikkje for kven som helst. Klatreruta har vanskegrad F, og er rekna som ei av dei tøffaste via ferrata-rutene i Norge.

Ruta, som har fått namnet Ragnarok, går vest for dagens via ferrata.

- Denne klatreruta inneheld tung klatring heile vegen, og her krevst god uthaldenheit, styrke og klatreerfaring, seier driftsleiar i Loen Active, Per Helge Bø. Grad F er også den vanskelegaste graden i klatreruter i til dømes Alpane, opplyser Bø. Då Fjordingen snakka med han torsdag var det siste finpuss før den offisielle opninga.

For dei som tek gondolen opp vil klatrarane vere godt synlege på veg mot toppen.