Sjå kor tid cruiseskipa kjem til Olden og Loen

Cruiseskipa Azura (t.v.) og Aida Luna i Olden i fjor.  Foto: Thomas Thaule

New Articles

Cruisesesongen er allereie godt i gang, og i år er det 102 anløp i Olden og Loen.

Årets sesong vil vare godt over eit halvt år, faktisk bortimot sju månadar. 102 skip er venta, eller rettare sagt 102 anløp, då enkelte skip kjem fleire turar i løpet av sesongen.

Under fana "Cruise", øvst på nettsida til Fjordingen, kan du følgje med på kor tid dei ulike cruiseskipa kjem inn fjorden.

Når det siste cruiseskipet for sesongen, Astor, glir inn fjorden står det 10. november på kalenderen. Det vil seie at årets sesong nesten strekkjer seg frå påske til advent. Den travlaste dagen blir 16. juli, då både Azura og Meraviglia kjem til Olden.

– Då ventar vi rundt 9.000 passasjerar til Olden. Det er det same som vi hadde 1. august i fjor, seier driftsleiar Sølve Oldeide.

Den 21. august kjem det heile fire skip inn fjorden: Balmoral, Costa Mediterranea, Vasco da Gama og Berlin.