3. divisjon damer:

Vann utan å overbevise

Hedda Vatn Øvreberg sette inn Stryn sitt andre mål i kampen mot Balestrand.  Foto: Stig Høynes (arkiv)

New Articles

Stryn overbeviste ikkje i bortekampen mot Balestrand på Kreklingen stadion søndag, men tek likevel med seg tre poeng heim.

På førehand var det venta bra motstand trass i at Balestrand har variert i sesongstarten.

Det var Malene Hopland som sørga for 1-0 til Stryn etter 20 minutts spel. Frå skrått hald sende Hopland i veg eit skot som dalte i nettet bak heimelaget sin keeper. Fem minutt seinare kom Emma Sæbø åleine med keeper, men mål vart det ikkje. Til pause stod det fortent 1-0 til Stryn.

I andre omgang heva Stryn seg nokre hakk, og Emma Sæbø skaut like over på eit frispark etter at Kaisa Wemby var blitt felt. Midtvegs i omgangen vart Saeideh Tajik spelt fri åleine med keeper, men nok ein gong hindra Balestrand sin sisteskanse scoring.

Etter 69 minutt måtte ho derimot gje tapt. Hedda Vatn Øvreberg fekk hovudet på ein godt slått corner og styrte ballen i lengste hjørnet.

Mot slutten av kampen hadde både Karoline Flo og Saeideh Tajik store sjansar, men utan resultat for Stryn.

Heimelaget gav seg ikkje, og sju minutt før slutt måtte Stryn sin keeper Mia Kristiansen i aksjon då ho redda ein stor Balestrandsjanse.

Fleire mål vart det ikkje, og Stryn tek dermed med seg tre poeng tilbake til Nordfjord.

Trenar Johann Sigurdsson er glad for dei tre poenga, men heller ikkje meir:

- Ein svak kamp av oss, men greitt å få dei tre poenga på ein slik dag. Vi tapte duellane i første omgang, og sjølv om det kom seg etter pause er det berre keeper Mia Kristiansen som får godkjent i dag. Resten har meir å gå på.