Ikkje funne feil eller manglar ved utspringspunktet ved Loen Skylift:

Forbodet blir oppheva

- Det er ikkje funne feil elller manglar ved utspringspunktet. Utspringspunktet reknast for å ha tilstrekkelege tryggleiksmarginar som krevst ved denne typen luftsport, seier lensmann i Nordfjord, Tormod Hvattum.  Foto: Thomas Thaule

New Articles

Forbodet mot luftsport frå området ved Loen Skylift på Hoven vert oppheva.

- Det er ikkje funne feil eller manglar ved utspringspunktet. Utspringspunktet reknast for å ha tilstrekkeleg tryggleiksmarginar som krevst ved denne typen luftsport. Politiet vil på bakgrunn av dette oppheve det mellombelse forbodet mot luftsportaktivitet ved Hoven i Loen, Stryn kommune, frå dags dato, seier lensmann i Nordfjord, Tormod Hvattum.

Utspringspunktet ligg aust for skyliften.  Foto: Thomas Thaule

Det vart etter dødsulukka i slutten av april innført mellombels forbod mot luftsport frå Loen Skylift medan granskinga av ulukka pågjekk.

Den førebelse rapporten frå granskinga syner at det truleg var brukarfeil på utstyret som var medverkande årsak til ulukka.