Speedgliderulukka i Loen:

- Truleg feil innstilling på utstyret

Det var den 28. april at den 20 år gamle kvinna omkom under ei speedgliderulukke.   Foto: Thomas Thaule

Frå granskinga av ulukka: Frå v. Kurt Hammerø, innsatsleiar under ulukka, Arne Jan Kleiven frå Fjordane Luftsportklubb og Trond Nilssen, seksjonsleiar for Hang-, para- og speedgliding i Norsk Luftsportforbund, på veg mot Hoven for å gjere undersøkingar kring utspringspunkt og andre tilhøve der oppe.  Foto: Gunnhild Sindre

Utspringspunkt for luftsport på Hoven, aust for skyliften.   Foto: Thomas Thaule

New Articles

Politiet har etterforska ulukka i Loen i april, der ei ung kvinne omkom i ei ulukke med speedglider.

- Politiet har avhøyrt vitne og gjort tekniske undersøkingar av utstyret med hjelp av ekstern bistand. Vi har også undersøkt tilhøva på utspringspunktet. Den førebelse rapporten syner at det truleg var brukarfeil på utstyret som har vore ein medverkande årsak til at den tragiske ulukka skjedde, seier Tormod Hvattum, lensmann i Nordfjord, i ei pressemelding.

Ifølge rapporten skal det ha vore feil innstilling på utstyret før utspranget skjedde.

Granskinga etter speedgliderulukka på Hoven, der ei ung kvinne omkom, vart avslutta sist veke. Politiet og luftsportforbundet har mellom anna sett video av utspranget til den omkomne, etter at ein turist filma det heile. Skjermen er også nøye granska.

Det var den 28. april ei 20 år gammal kvinne omkom etter at speedglideren hennar ifølgje augevitne hekta i kabelen til gondolbana. Kvinna skal deretter ha falle ned på ei hylle i fjellsida. Ho vart erklært død på staden då bergingsmannskap kom til.

Dette er den første dødsulukka med speedglider her til lands sidan 2015. I etterkant av ulukka sette Norges Luftsportforbund ned ein granskingskommisjon for å finne årsaka til ulukka.