Vindkraftmotstandarane i fleirtal på høyringsmøte

Under eit høyringsmøte om den nasjonal vindkraftramma i Bergen torsdag, var vindkraftmotstandarane i klart fleirtal.
New Articles

Tilsette i Olje- og energidepartementet er på turné kring i landet for å få innspel til rammeplanen for vindkraftutbygging, skriv Bergens Tidende.

Det er 13 område det er aktuelt å byggje kraftverk på i Norge, fire av desse i Sogn og Fjordane og Hordaland.

Forslaget frå Norsk vassdrags- og energidirektoratet (NVE) er ute på høyring og ei rekkje organisasjonar, ordførarar og aksjonsgrupper hadde ei klar melding til departementet: Dei ønsker ikkje vindkraft i naturen.