Oppdatert:

Bilbrannen er sløkt

Bilbrann på E39/Rv15: Bilen sto i brann ved Holmøyvik, nær grensa mellom Hornindal og Eid.  Foto: ANNE MARI AALBERG

New Articles

Fjordingen sin reporter på staden fortel at føraren av bilen, ein ung mann, ikkje er fysisk skada etter hendinga.
Han var åleine i bilen og kom køyrande i retning Eid på E39/Rv15 ved Holmøyvik då han kjende røyklukt.

Han skal ha forklart politiet at han fekk parkert langs vegen og kom seg ut før bilen tok fyr.

Fjordingen får opplyst at hendinga skal ha skjedd klokka 13.00.

Det bygde seg opp store køar i begge retningar på E39/Rv15 for brannvesenet frå Hornindal kom til staden 13.22, opplyser vår reporter.

Brannmannskap frå Hornindal har fått kontroll over brannen  Foto: Anne Mari Aalberg

Kl. 13.40 fortel politibetjent på staden, Jan Tore Sunde, at brannen er sløkt.

- Bilen er totalt utbrent, men det er ingen personskader. Vi har ingen teori om kvifor brannen oppstod, seier Sunde som kan opplyse om at det er manuell dirigering forbi staden.