Han sette ny løyperekord i motbakkeløp

Stilte til start etter innfallsmetoden

Kristoffer Haugen  Foto: Privat (Arkivfoto)

New Articles

Under motbakkeløpet på Moltustranda laurdag vann honndølen Kristoffer Haugen det 6,5 kilometer lange løpet på tida 33.19 minutt. Det var ikkje berre nok til siger, men det var ny løyperekord for det sju år gamle motbakkeløpet. Løpet er ein del av Moltustranda Mosjonsfestival i Herøy kommune på Sunnmøre.

24-åringen frå Hornindal fortel at han ikkje hadde ambisjonar med løpet. Han stilte faktisk til start etter innfallsmetoden.

- Det var i grunn heilt spontant. Eg satt og lurte på kva eg skulle bruke dagen til. Så fortalde far min at han skulle vere med på løpet i mosjonsklassa, så då berre skifta eg og reiste, fortel han.

Den gamle løyperekorden hadde Andreas Skylstad med 33.47 minutt frå i fjor.

Kristoffer Haugen gratulerast etter å ha sett ny løyperekord i det sju år gamle motbakkeløpet i Moltustranda  Foto: privat

- Skylstad er jo kjempegod, så det å slå tida hans er ganske bra, men det var eit hardt løp, seier Haugen som ser fram mot fleire slike løp i sommar og satsar på å delta under Besseggløpet.

- Mogleg eg blir med på 35 kilometeren under Hornindal rundt og, seier Haugen.