Heidersmerket med diplom til Sjur Ole Svarstad

Heidra: Sjur Ole Svarstad fekk heidersmerket med diplom under skikrinstinget på Skei.  Foto: Sogn og Fjordane skikrins

New Articles

Sjur Ole Svarstad fekk tildelt heidersmerket med diplom på skikrinstinget på Skei i helga.

Grunngjevinga for heidersmerket:

«Sjur Ole starta si karriere som trenar for krinslaget til Sogn og Fjordane i langrenn. Deretter har han vore trenar på Hovden Skigymnas, trenar for NSFs rekruttlandslaget 2011-2016 og ein del av trenarteamet for kvinnelandslaget saman med Roar Hjelmeset frå 2016-2018.

Han er i dag trenar på landslina i skiskyting ved Stryn vidaregåande skule.

Sjur Ole har gjennom fleire år vore fast innslag som hovudtrenar på skikrinsen og Markane IL si samling på Ullsheim for langrennsløparar i alderen 11-16 år. Han stiller også alltid opp i andre samanhengar som skuleskidagar, klubbtreningar, foredrag og anna. Markane IL (og skikrinsen) er glade for å få Sjur Ole på heimlege trakter, og håpar å kunne nytte seg endå meir av kompetansen hans i framtida».