Ukjend kostnad for å avlive pelsdyrnæringa

Pressekonferanse om pelsdyrkompensasjon: F.v. Margunn Ebbesen (H), Morten Ørsal Johansn (Frp), André N. Skjelstad (V) og Steinar Reiten (KrF) holder pressekonferanse i Stortingets vandrehall om kompensasjon til pelsdyrbønder.   Foto: Kelly, Ryan/NTB Scanpix

New Articles

Dei fire regjeringspartia er samde om meir støtte til pelsdyrbønder som må legge ned bruka sine, men anar ikkje kva avviklinga til slutt vil koste.

– Dette vil koste det det vil koste, seier sakordførar Morten Ørsal Johansen (Frp) om kompensasjonspakken som Frp, Høgre, Venstre og KrF la fram på Stortinget onsdag.

Forutan ei vidopen dør for å auke den økonomiske ramma på 505 millionar kroner, er individuell vurdering av gjelda ved kvart enkelt bruk, kompensasjon til dei over 62 år og auka støtte til riving av byggverk hovudelement i pakken.

– Det er ei stor menneskeleg belasting å bli fråtatt næringsgrunnlaget og miste moglegheita til å vidareføre drifta til neste generasjon. Det skulle berre mangle at staten kompenserer for dei faktiske kostnadene, seier Ørsal Johansen.

1,7 milliardar?

Terje Lien Aasland i Ap meiner kompensasjonen burde vore basert på ekspropriasjonsrettslege prinsipp. Det betyr at meir av dei faktiske verdiane som ligg der og det som blir påført av kostnader, blir dekt.

– Om ein hadde brukt ekspropriasjonsrettslege prinsipp, er kostnaden utrekna til om lag 1,7 milliardar kroner, seier Ap-politikaren.

Han minner om at dette er usikre tal.

– Har de laga eit opplegg her som kan bli veldig mykje dyrare, Ørsal Johansen?

– Vi har laga eit opplegg der dei som har drive med pelsdyr, får kompensert for riving, ikkje-realiserbar kapital og omstilling. Noko dyrare blir det, men kva beløpet blir, veit vi ikkje, seier han til NTB.

Steinar Reiten i KrF viser til at det no skal lagast ei forskrift som vil klargjere kompensasjonsordninga.

– Då vil tala materialisere seg. Men at det blir vesentleg meir enn 505 millionar, er heilt opplagt. For meg er det særleg gledeleg at kostnader til riving og opprydding av pelsdyrhus som er i drift, skal kompenserast fullt ut, seier han til NTB.

Etterlyser anstendigheit

Aasland meiner regjeringspartia ikkje har klart å gi pelsdyrbøndene ei skikkeleg erstatning.

– Det er to år sidan Stortinget sa, mot Ap sine stemmer, at vi går for ei berekraftig utvikling av pelsdyrnæringa. Så kjem dei same partia og legg næringa ned. Då meiner eg anstendigheita og folkeskikken må fram. Det manglar desse partia når dei legg fram det dei gjer no, seier han til NTB.

Parlamentarisk leiar Marit Arnstad i Sp poengterer at regjeringa no «innfører næringsforbod for ei heil yrkesgruppe».

– Det einaste vi meiner vil vere akseptabelt, er full erstatning individuelt til alle som blir nekta å drive med yrket sitt. Alt som har med riving og gjeld å gjere og oppsparte midlar som er brukt til å etablere livsverket, bør givast kompensasjon, meiner ho.

– Svikta på nytt

Styreleiar Bertran Skadsem Trane i Norges Pelsdyralslag skuldar regjeringspartia for å legge så «urimelege føringar» på den individuelle vurderinga at den ikkje er i nærleiken av å dekke tapa.

– 200 norske familiar blei svikta på nytt i dag, seier han.

Også Norges Bondelag er klar på at pakken er ufullstendig og ikkje dekkjer det økonomiske tapet til pelsdyrbøndene fullt ut.

– Det er ikkje godt nok at regjeringa ikkje bruker ekspropriasjon når rekninga skal gjerast opp, seier bondelagsleiar Lars Petter Bartnes

Venstre-siger

Verken Frp, Høgre eller KrF ville eigentleg å legge ned næringa. Venstre har likevel i to regjeringsforhandlingar fått gjennomslag for dette. Næringa skal avviklast innan 1. februar 2025.

André Skjelstad frå Venstre seier han er glad for avviklinga, men også for at dei rundt 170 pelsdyrbøndene får ein god kompensasjon.

– Dette er først og fremst ein god dag for dyrevelferda i Noreg, men også pelsdyrfarmarane har god grunn til å vere fornøgde med det vi har komme fram til, seier han.

Kommunikasjonsleiar Live Kleveland i Dyrevernalliansen roser regjeringa for handlekraft og kallar kompensasjonen ein «svært raus og god økonomisk sluttpakke».

– Dette vil gagne pelsdyroppdrettarane, ikkje minst den halvparten av dei som etter alt sannsyn ville avvikla før 2025 på grunn av dårleg økonomi, seier ho til NTB.

(NPK)