Bussjåføren er fråteken førarkortet

12 personar vart frakta til sjukehus, ein av dei med luftambulanse, etter ulukka ved Berstad der ein turistbuss køyrde inn i ein hjullastar som dreiv med kantslått.  Foto: Thomas Thaule

Bussen enda til slutt i ein hage. Sjåføren av bussen har erkjent straffskuld og er fråteken førarkortet.   Foto: Thomas Thaule

New Articles

Sjåføren av den utanlandske bussen har erkjent straffskuld for ulukka ved Berstad i går ettermiddag, der ein turistbuss køyrde inn i ein hjullastar som dreiv med kantslått på staden. Totalt vart 12 personar sende til sjukehus, ein av desse med luftambulanse.

- Sjåføren avhøyrd og erkjenner straffskuld for å ha forårsaka ulukka, seier politibetjent Jan Tore Sunde ved Politiet i Stryn og Hornindal.

Avhøyr av sjåføren og eit vitne vart gjennomført med tolk.

Sjåføren av turistbussen er fråteken førarkortet.

Bussen enda til slutt i ein hage. Sjåføren av bussen har erkjent straffskuld og er fråteken førarkortet.   Foto: Thomas Thaule

Etterforskinga av saka held fram.