Kontroll av turistbussar:

Overlast, køyre- og kviletidsbrot og manglande førarrett

  Foto: Statens vegvesen (illustrasjonsfoto)

New Articles

Statens vegvesen ved Førde og Sogndal Trafikkstasjon hadde frecdag trafikkontroll på Fv 60 Utvikfjellet med hovudfokus på kontroll av turistbussar, teknisk og belte i buss.

Ein portugisisk turistbuss fekk overlastgebyr som måtte betalast før bussen fekk køyre vidare. I tillegg måtte førar laste av 17 passasjerar før bussen var lovleg på vekta, opplyser Statens vegvesen i ei pressemelding.

Førar av ein litauisk turbuss hadde ikkje overhalde bestemmelsane om køyre- og kviletid og vart pålagt 45 timar vekekvile før han kunne køyre vidare. Turistane som var passasjerar vart frakta vidare med ein annan buss.

Førar av ein tysk turistbuss fekk åtvaring for brot på bestemmelsane om køyre- og kviletid.

Tre køyretøy fekk skriftleg teknisk mangel.

Ein førar vart meld for manglande førarrett på køyretøyet han køyrde.

- Beltebruken var svært bra, alle brukte belte, opplyser Statens vegvesen i pressemeldinga.