- Skjermen løyste ut som normalt

Basehopparane sprang ut frå Marsåhyrna (bildet) og skulle lande på den vanlege landingsplassen for basehopparar, fylkesvegen ved Marsåfossen.   Foto: Bengt Flaten (arkivfoto)

New Articles

Basehopparen som omkom etter å ha hamna i Oppstrynsvatnet er utanlandsk stasborger. Mannen som er i 20-åra hadde utsprang frå Marsåhyrna, og skulle lande på den vanlege landingsplassen der, fylkesvegen ved Marsåfossen, ein kilometer vest for Flo, opplyser politiet.

Politiet fekk melding om hendinga rett etter midnatt.

- Dei var to personar som flaug i lag med vingedrakt og dei hoppa samtidig, fortel politioverbetjent Vidar Stavik, tenestestadleiar for Politiet i Stryn.

Skjermen har i følgje politiet løyst ut som normalt, og problema har oppstått i det basehopparen skulle gå inn for landing.

- Basehopparen trefte vatnet rett nedanfor den vanlege landingsplassen ved fylkesvegen.

- Var det augevitne til ulukka, anna enn personen som han flaug saman med?

- Det var augevitne på vegen. Dei fekk han raskt på land og fekk starta hjarte- og lungeredning og fekk gjort det dei kunne.

Lokalt mannskap frå ambulanse, brannvesen og politi kom til staden i løpet av om lag 15 minutt og tok over livreddande førstehjelp.

Den forulykka vart heisa opp i redningshelikopter frå staden han låg, på ein svært ulendt stad. Om lag ein time etter varslinga var han om bord i helikopteret. Han vart erklært død ikkje lenge etterpå.

Politiet har utstyret til den omkomne og har også gjort avhøyr av personen han hoppa saman med og augevitna på staden.

- Så vi har fått eit ganske godt bilde av hendingsforløpet, seier Stavik. Som legg til at det vil bli gjort undersøking av utstyret som vart brukt.

- Den andre basehopparen og ein tredje person som var i følgje med dei to blir godt ivaretekne av kommunen sitt kriseteam, som har blitt utkalla, seier politioverbetjenten.

- Det same blir dei personane som kom forbi på vegen og vart tilfeldige augevitne.