3. divisjon:

Stryn cruisar vidare

Straffescoring: Emma Sæbø sette inn 4-0 på straffespark.  Foto: Stig Høynes (arkiv)

New Articles

Stryn tok sin femte strake siger i 3. divisjon fotball for damer då Kaupanger 2 vart sendt heim med 0-4 i sekken tysdag.

Heimelaget gjekk til pause med 1-0 leiing etter 19 minutt. Saeideh Tajik fekk æra av å sette inn leiarmålet.

Etter kvilen heldt Stryn fram med å vere det førande  laget, og tre scoringar på 20 minutt signert Kaisa Vollsnes Wemby, Hedda Vatn Øvreberg og Emma Sæbø (straffe) sikra ein velfortent trepoengar.

- Veldig solid. Trur ikkje Kaupanger 2 har ein målsjanse. Ikkje heilt fornøgd med det offensive i 1. omgang, men 2. omgang var meget god, seier trenar Johann Sigurdsson.

Stryn klatra med denne sigeren opp på andreplass på tabellen, to poeng bak Sandane. Stryn har spelt ein kamp mindre enn glopparane. Fredag ventar Førde på bortebane, eit lag som ligg på tredjeplass tre poeng bak Stryn.