- Ufortent

Heimelaget Bremanger var effektive og scora på dei sjansane dei hadde   Foto: Stig Høynes

New Articles

Stryn måtte reise frå grasmatta på Bremanger stadion utan poeng etter 2 - 1 tapet der laurdag. Resultatet gir ikkje eit riktig bilete av kampen, meiner Stryn-trenar Geir Inge Rake.

- Vi var det klart beste laget. Bremanger hadde ein og ein halv sjanse i løpet av heile kampen og scora på begge. Vi produserar sjanse etter sjanse utan å klare å score på dei. Vi burde eigentleg ha avgjort kampen etter dei første 20 minutta, seier Rake til Fjordingen.

Fredag spelar Stryn sin siste kamp før sommarferien, heime mot Kaupanger.

- Det er ein kamp vi skal vinne, fastslår Rake som håpar publikum kjem å støttar laget fredag

Meir om oppgjeret på Bremanger stadion i tysdagsavisa