Världsungdomsspelen i friidrett i Göteborg:

Johannes til topps, Maja nummer tre

Og Marius (12) imponerte med 6. plass på 600 meter!

Världsungdomsspelen i friidrett: Maja Fuglestrand Baade frå Olden IL vart nummer tre i spyd for jenter 14 år. Johannes Konstali-Lødemel frå Stryn T&I vann 800 meter for gutar 14 år.  Foto: Privat

Marius Konstali-Lødemel deltek i klasse gutar 12 år. I høgde vart det ny personleg rekord.  Foto: Privat

New Articles

Tre lokale friidrettsutøvarar deltek denne helga i Världsungdomsspelen i friidrett i Göteborg. Alle har markert seg godt i sine øvingar.

Johannes Konstali-Lødemel, Stryn T&IL, vann 800 meter for gutar 14 år på tida 2.05,69. Heatet til Johannes var sterkt, og dei ti første vart også dei ti beste på resultatlista. Halvard Grape Fladby frå Tyrving IL vart nummer to med tida 2.05,92. Tredjeplassen gjekk til Markus Nederschier frå FIF Hilleröd (Danmark) som fekk tida 2.06,53.

- Resultatet tilseier at løpet var perfekt gjennomført, men Johannes vart innestengt ved lista ut av siste sving, så han måtte stoppe opp litt for så å kome forbi tre løparar på utsida, fortel far Jarle Konstali-Lødemel til Fjordingen.

Resultatet er også imponerande då Johannes slo ein som har årsbeste på 2.03.

På 80 meter vart Johannes nummer to i sitt heat på tida 9,96 sekund, noko som gav B-finale. Der vart han nummer seks med tida 10,05 sekund. B-finalen vart for øvrig vunne av Jakob Slåtten frå Jølster IL på tida 9,78 sekund.

Også broren Marius (12) deltok i Göteborg. Marius leverte ein sterk og solid 600 meter og vart totalt nummer seks med tida 1.42,79. På 60 meter fekk han notert tida 9,34 sekund, i høgda vart det 1,35 meter (tre cm over personleg rekord), og i lengde oppnådde han 4,27 meter.

Maja Fuglestrand Baade, Olden IL, deltok i spydkonkurransen laurdag. 14-åringen held fram med å imponere, og resultatet 38,24 meter gav ein flott tredjeplass. 38,24 meter er også ny personleg rekord med 500 grams spyd. Ellevine Kathleen Skare frå Ski IL vann med eit kast på 43,88 meter. Nummer to vart Emelie Olsson Säffle FIK med 38,76 meter.

Søndag heldt Johannes Konstali-Lødemel fram med å hevde seg, og på 300 meter vart det 2. plass med tida 38,12 sekund. Mathias Højen frå Bellerup AK (Danmark)var suveren på distansen og sprang i mål på tida 36,81 sekund. Tredjeplassen gjekk til Oliver Fehrlund-Persson frå Ystads IF (Sverige) med tida 38,47 sekund.

Världsungdomsspelen på Ullevi i Göteborg samlar om lag 10.000 utøvarar.