Har dukka djupt etter perler frå arkivet

Helge Sunde og Britt Pernille Frøholm i nytt prosjekt med urpremiere på Førdefestivalen.

Djupdykk i arkivet: Musikarane Britt Pernille Frøholm, Viljar Losnegård, Marita Vårdal Igelkjøn og Helge Sunde vitja i april fylkesarkivet for å finne materiale som skal danne grunnlaget for ein heilt ny produksjon under Førdefestivalen; Perler av elde. Foto: Arve Ullebo  Foto: Arve Ullebo

New Articles

Kva skjer når fire musikarar får dykke ned i fylkesarkivet si tradisjonsmusikksamling med meir enn 16 000 lydopptak gjort frå 1921 og fram til i dag? Musikarane Britt Pernille Frøholm, Helge Sunde, Marita Vårdal Igelkjøn og Viljar Losnegård vitja i april fylkesarkivet for å finne materiale som skal danne grunnlaget for ein heilt ny produksjon under Førdefestivalen; Perler av elde.

Musikkarkivar Synnøve S. Bjørset fortel at lydopptaka i arkivet har ulike kvalitetar som kan løftast fram og formidlast på mange måtar. Det er også med på gi musikkarven aktualitet på fleire plan.

- Ein musikar med bakgrunn frå jazz eller klassisk vil gjerne finne andre kvalitetar ved materialet enn ein som har bakgrunn i folkemusikken. Og det er jo kjempespennande! I dette prosjektet er vi på jakt etter desse ulike perspektiva, og vi håpar dei gamle opptaka kan inspirere til å skape noko annleis, seier ho i pressemelding frå Førdefestivalen.

Tek med oldefar på festival

Då trombonisten Helge Sunde vaks opp i Stryn, var det korpsmusikken som dominerte. Gutestrekar og tilfeldigheiter skulle likevel føre til at han la sin elsk på fela.

- Det starta med eit innbrot i tyskarbrakka på ungdomsskulen ein sein haustkveld. Vi lirka opp døra til musikkrommet og fann eit lager av feler. Så pakka vi dei opp, og heldt ein improvisert og antakeleg nokså støyande konsert. Vi vart sjølvsagt oppdaga, og fekk ei passande «straff»: Valfag fele.

Men at oldefaren var ein garva felespelar og etterlet seg ei rad med slåttar, visste Sunde lite om der han tenåra øvde på både Vivaldi og Bach.

- Som liten høyrde eg mange historier om oldefar min, Anderas Sunde. Dei handla om Keisar Wilhelm II og Slingsby som han laga klatreutstyr til i verkstaden sin på Flinten i Olden. Men seinare fekk eg ein konvolutt frå Arne M. Sølvberg som var full av transkripsjonar folkemusikksamlaren Arne Bjørndal hadde gjort etter han. Då gjekk det opp for meg at han må ha vore ein felespelar av rang!

I tradisjonsmusikksamlinga til fylkesarkivet har Sunde no funne opptak av mange ulike spelemenn som spelar slåttar etter oldefaren.

- Fela vart bytta ut med ein heilt nødvendig Volvo 142 73-mod. medan eg gjekk på Firda vgs. Og etter dette var det trombona, jazzen og storbandmusikken som tok all tida mi. Men oldefar skal få vere med ein tur innom komponistbingen min før vi tek ein sving nedom Førde på festival.

Eit uendeleg skattkammer

Britt Pernille Frøholm er felespelar frå Hornindal, og kvalifiserer som superbrukar av fylkesarkivet. 

- Arkivet er eit uendeleg skattkammer som eg aldri blir ferdig med å utforske, og det har vore veldig viktig for mitt virke som musikar. Fleire gongar har eg brukt opptak og notar frå samlingane som utgangspunkt for plateutgjevingar og andre prosjekt eg har gjort.

Tidlegare har Frøholm gjerne vore på jakt etter opptak med gode felespelarar som spelar tøffe slåttar, men seier at det i dette prosjektet har opna seg nokre nye moglegheiter.

- Eg har denne gongen heilt bevisst prøvd å finne fram til opptak med utøvarar som til no har vore ukjende for meg. Og eg har funne opptak med flotte songarar, folk som plystrar, og folk som fortel vakre historier på dei flottaste gamle dialektane. Det inspirerer!