Kjøshammartunnelen:

Tre bilar involvert i trafikkuhell

Illustrasjonsbilde.  Foto: Arkiv

New Articles

Politiet fekk like før klokka 07.30 fredag melding om eit trafikkuhell på E39 i Kjøshammartunnelen i Hornindal.

Tre bilar skal ha vore involvert, og det var til saman fem personar i bilane. Naudetatane er på staden.

Ein person skal vere lettare skadd og blir undersøkt av helse på staden. Ein er køyrt til Førde sentralsjukehus for nærare sjekk.

Bilbergar er på staden, melder Vest politidistrikt på Twitter.

Ein lastebil skal ha stoppa, deretter har det blitt ein kjedekollisjon med tre bilar.

- Politiet vil no føreta rutinemessige avhøyr for å avklare hendingsforløpet, seier politibetjent Eirik Krossen ved Stryn og Hornindal lensmannskontor.

Oppdatert: Vegen er no opna att for fri ferdsel, melder Statens vegvesen klokka 08.25.