Dersom du vil følgje med på løparane i Hornindal Rundt kan du klikke på denne lenka.
Hornindal Rundt - her finn du link til alle resultat

Dei første løparane er i mål på 38 km fjelløp i Hornindal Rundt. Det vart heimesiger, der Kristoffer Haugen kunne bryte målsnøret med Vegard Øie og Rasmus Haugen (bror) på plassane bak. Her er vinnartrioen: Vinnar Kristoffer Haugen vert løfta på gullstol av Vegard Øie og bror Rasmus Haugen. Foto: Inge Fænn

Ola Skatvedt var førstemann i lang løype som passerte Horndøla bru. Kona, Ingvild Kyrkjeeide Finstad med bestefar frå Stryn, er hjelpar. Etter brua var Skatvedt innhenta av Paul Ogier og Kjell Magnar Berli. Foto: Inge Fænn

Starten går: Starten går for dei som skal ut i 38 km-løypa. Foto: Inge Fænn

Heia på bestemor: Oddhild Haugen Øye stilte på 38 km-distansen på sin eigen 60-årsdag, og barnebarnet Peder Øye Rekkedal stod klar med plakatar for å heie på bestemor. Foto: Inge Fænn

Leiarlaget: Nytt av året er at ein kan stille lag. Ved veksling Grothaug kunne Bjørn Erik Henden sende Anders Vonheim ut i ei klar leiing. Han skal springe lengste etappen frå Grothaug over Gulkoppen til Honndøla Bru. Dei andre på laget er Arild Henden og Ivar Nord. Foto: Inge Fænn

Godt driv: Julie Bøbel leia klart i kvinneklassa ved passering Grothaug. Foto: Inge Fænn

Klare: Brørne Rasmus og Kristoffer Haugen er klare til start på heimebane. Foto: Inge Fænn