Motorsyklist av vegen

Føraren av sykkelen vart teken hand om av ambulansepersonell. Han skal ha vore medviten, opplyser politiet.   Foto: Gunnhild Sindre

New Articles

Politiet Vest melder om at ein motorsyklist har køyrt av vegen i Loen. Ulukka skjedde rett 60-sona vest for Loen sentrum.

- Motorsyklisten har kome utanfor asfaltkanten og ikkje greidd å kome opp igjen på vegen, opplyser politibetjent Vegard Dale frå politiet i Stryn.

Føraren vart teken hand om av ambulansepersonell og vart køyrd til legevakt for sjekk. Han skal i følgje politiet ha vore medviten.

- Motorsyklisten har kome utanfor asfaltkanten og ikkje greidd å kome opp igjen på vegen, opplyser politibetjent Vegard Dale.  Foto: Gunnhild Sindre

Årsaka til utforkøyringa er ikkje klarlagt, men politiet avhøyrer vitne på staden.

Trafikken forbi ulukkesstaden går greitt,  opplyser politiet.