Strynejentene i Dana Cup

Begge lag ute av turneringa

Utan å ha fått baklengsmål og berre sigrar i gruppespelet stoppa sigersrekka i åttandedelsfinalen for begge lag.

FERDIG: J16-laget før åttandedelsfinalen mot Fortuna. Fortuna gjekk av banen med ein 1-0 siger og J16-laget er dermed ute av årets Dana Cup  Foto: Privat

New Articles

Først ut i ilden var J-14 laget som møtte Stord FB 2. Stord hadde som Strynelaget gjort det svært bra i gruppespelet og endt på ein førsteplass med berre eitt baklengsmål og 16 skåringar.

Allereie etter 30 sekund fekk Stord straffe og skåra 1-0. Tidleg i andre omgangen blei kampen berre meir vanskeleg for Stryn då Stord skåra andre målet for kampen. Stryn klarte å komme tilbake i kampen berre nokre minutt seinare, men det var for seint til å snu kampen.

Seinare på dagen var det J16-laget sin tur i åttandedelsfinalen mot det svenske laget Fortuna. Nokre minutt ut i den andre omgangen var det Fortuna som skåra kampen første og einaste mål og dermed var også det eldste Strynelaget ute av årets Dana Cup.