Norway Cup:

Vidare til A-sluttspel

Etter full pott i gruppespelet for Loen/Vikane J13/14-laget er dei vidare til A-sluttspel

A-sluttspel: Dette laget er vidare til åttandedelsfinalen i A-sluttspelet i Norway Cup etter tre sigrar i gruppespelet. Loen/Vikane J13/14  Foto: Privat

New Articles

Den siste kampen i gruppespelet blei spelt i dag tidleg mot Lom IL som ikkje hadde tatt noko poeng i Norway Cup. Loen/Vikane tok ein sterk 4-2 og går dermed vidare til A-sluttspelet etter 1. plassen i gruppe 2.

Loen/Vikane går rett vidare til åttandedelsfinalen som blir spelt onsdag kveld. Motstandaren denne kampen vil bli bestemt etter at sekstendelsfinalen er ferdig onsdagsmorgon.