Landskyttarstemnet:

Skaut seg til NM-tittel

73-åringen Knut Lillestøl frå Hornindal vart Norgesmeister i skogsløp under Landskyttarstemnet torsdag.

NM-meister Knut Lillestøl (i midten) frå Hornindal og Markane vart NM meister i Skogsløp i klassa V73  Foto: Privat

New Articles

I klassa V73 Skogsløp under Landskyttarstemnet på Evje vart honndølen Knut Lillestøl NM-meister torsdag. Han var ein av fem som stillte til start og visste at sjansane for siger var gode.

- Eg er i form for tida og visste at eg ville springe godt så eg hadde håp om gull. At eg vann er eg sjølvsagt veldig godt nøgd med, seier Hornindal og Markane-skyttaren på telefon frå Evje fredag.

Dette er veteranen sin andre NM-tittel i skogsløp.

Landskyttarstemnet er eitt av Norges største idrettsarrangement. Det opne norgesmeisterskapet innan skyteøvingar er arrangert av Det frivillige Skyttervesen.

Meir om landskyttarstemnet i tysdagsavisa