Steffen Melheim utteken til Nordisk

Steffen Melheim, Olden IL, tok ein fin 5. plass i sitt første senior-NM i diskos nyleg. No er han utteken til nye oppdrag med flagget på brystet.  Foto: Jørund Årdal (arkiv)

New Articles

Steffen Melheim frå Olden IL er utteken til å representere Norge i juniorlandskampen i friidrett i Kristiansand komande helg.

- Landskampen er på same tid eit nordisk meisterskap for utøvarar under 20 år, og Steffen må konkurrere mot utøvarar som er opptil tre år eldre, melder Olden IL på si Facebookside.

Melheim tok nyleg sølv i ungdoms-OL i Baku, og han vart nummer fem i senior-NM i diskos.