Ein av fire familiar må droppe aktivitetar på grunn av høg pris

Illustrasjonsbilde.  Foto: Frank May

New Articles

27 prosent av barnefamiliar i Norge seier dei har late vere å delta på fritidsaktivitetar på grunn av høge kostnader.

Tala kjem frå ei undersøking gjennomført av Kantar på oppdrag frå Frivillighet Norge. Dei 27 prosentane oppgir i undersøkinga at dei sjølv, eller nokon i familien deira, har late vere å delta på grunn av for høge kostnader. Det bekymrar generalsekretæren til organisasjonen.

– Det er hjarteskjerande å tenke på at nokre barn ikkje får vere med. Vi må gjere vårt beste for at det ikkje skjer. Som forelder er det vondt å ikkje kunne gi barnet sitt moglegheita til å delta. Her må vi stille opp for kvarandre og sørge for at fotballag, korps, teatergrupper og andre fritidsaktivitetar er tilgjengeleg for alle, seier generalsekretær Stian Slotterøy Johnsen i Frivillighet Norge.

Johnsen understrekar at problemet er kjent frå før av, men at han likevel er overraska over at tala er så høge.

– For barnefamiliar gjeld dette nesten tre gonger så mange som dei som blir rekna i vedvarande låginntekt. Dette er med andre ord ei utfordring som gjeld langt fleire enn dei med dårlegast råd, seier han.

(©NPK)