Fleire arbeidsmiljøsaker i landbruket

HMS-tenesta til Norsk Landbruksrådgivning behandla 181 saker i fjor. Dei første fire månadane i år har organisasjonen hatt 110 HMS-saker.

Illustrasjonsfoto 

New Articles

Tørkesommaren i 2018 og meir merksemd om helse i landbruket gjer at HMS-avdelinga til Norsk Landbruksrådgivning har hatt meir å gjera i år, skriv Nationen.

Fleire saker var store og kravde mykje ressursar, fortel fagkoordinator HMS Halle Arnes.

– Dette er saker der vi har kopla inn bedriftshelsetenesta, i tillegg til at vi har lagt ned mange timar frå vår side. Samstundes hadde vi mange små saker, som også var viktige.

Ei undersøking viste tidlegare i år at ni av ti bønder jobbar sjølv om dei føler seg sjuke.