Junior-NM i friidrett:

Sølv til Steffen, Mathias gjorde comeback etter skade

Junior-NM: Mathias Melheim (t.v.) og Steffen Melheim viste solid innsats i diskos.  Foto: Odd Sindre Tonning (arkiv)

New Articles

Steffen Melheim, Olden IL, tok sølv i diskos under junior-NM i friidrett (U20) i Sigdal fredag. 16-åringen sitt lengste kast målte 54,33 meter, ei lengd han fekk opp i fjerde omgang. Melheim leia konkurransen heilt til siste omgang, då fekk vinnaren, to år eldre Fabian Weinberg frå Kristiansand IF, lengda 55,32 meter.

Uansett eit imponerande resultat av Melheim som verkeleg har fått vist seg denne sommaren med fleire solide resultat. I ungdoms-OL i Baku vart det sølv, medan det i senior-NM på Hamar nyleg vart 5. plass. I nordisk meisterskap vart det bronse.

Også broren Mathias Melheim var i aksjon i junior-NM fredag, i klasse U23. Etter å ha vore ute med ein skulderskade i lang tid vart Mathias nummer fem i sin første konkurranse for sesongen. Melheim sitt lengste kast med 2-kilosdiskosen målte 38,72 meter.

Malin Riise Gran frå Stryn T&IL deltok på 100 meter. Riise Gran vart nummer seks i sitt heat.