Sjansebonanza på Stryn stadion

Det vart unødvendig spennande på Stryn stadion laurdag

Straffemiss x 2 Heimelaget brente to straffer mot Høyang laurdag. Her er det "dagens stryning" Vegard Hopland som kunne ha gjort hat-trick på overtid.   Foto: Roger Oldeide

New Articles

Trass heimesiger var ikkje Stryn-trenar Geir Inge Rake veldig nøgd etter 3 - 2 heime mot Høyang laurdag. Etter omfattande misbruk av store og små sjansar og to straffespark, vart kampen meir spennande enn den burde for dei snautt 100 tilskodarane på Stryn stadion.