UM i friidrett:

Infridde i favorittøvinga

Steffen Melheim, Olden IL, tok UM-gull i diskos fredag.  Foto: Rune Helle/Vestpress (arkiv)

New Articles

Steffen Melheim frå Olden innfridde og tok gull i diskos under UM i friidrett (klasse G16) på Jessheim fredag.

16-åringen fekk opp vinnarkastet på 59,96 meter allereie i første omgang.

Andreplassen gjekk til Anders Vik (FIL AKS-77) som fekk notert 48,66 meter. Aanund Olavson Tveitå (Otra IL) tok tredjeplassen med 46,33 meter.

Mathias Andreas Reksten Dale frå Breimsbygda IL tok fjerdeplassen med 40,66 meter.

Tidlegare i dag tok Steffen Melheim bronse i spyd.

Malin Riise Gran, Stryn T&IL sprang forsøksheat på 100 meter i klasse J17. Her vart det 5. plass i heatet med tida 13,21 sekund.