Mykje nytt for 93-åring i Hornindal:

Flyttar grensene, men Halfdan blir

Halfdan har heile tida budd på same stad. Men kommunegrensene har flytta seg fire gonger.

Hornindal: Halfdan Lødemel røyster på Smia i Hornindal. Rønnaug Tomasgard sit ved stemmeurna. I bakgrunnen skimtar vi valmedarbeidarane Solveig Brendefur og Dina Yri. Foto: Terje Engås   Foto: Terje Engås

New Articles

Måndag røysta snart 93 år gamle Halfdan Lødemel i Hornindal for første gong ved kommunevalet i nye Volda kommune. Og for første gong i fylkestingsvalet i Møre og Romsdal, og for første gong ved kyrkjevalet i Møre bispedøme.