God oppslutning - lange køar

New Articles

Ein snartur rundt i vallokala i kveld tyder på at det har vore god oppslutning om valet lokalt. Mange stadar var det lange køar.

- Her har det i grunnen vore kø i heile ettermiddag, sa Sissel Tenden frå røystestyret i Loen då Fjordingen var innom.

Dette kan ha noko av same årsak som det vert rapportert frå Bergen, der folk brukte uvanleg lang tid bak forhenget. Det er ikkje berre berre å skulle forhalde seg til ein heilt ny fylkeskommune.