Senterpartiet størst også i Volda

Eldar Engelund er 2. kandidat på Volda Senterparti si valliste, og kan gle seg over at partiet vart størst i det første valet i den nye kommunen.  Foto: Roger Oldeide

New Articles

Også i Volda kommune vart Senterpartiet størst i årets kommuneval.

- Veldig artig. Eg har vore med på både oppturar og nedturar i politikken, dette var utruleg kjekt, sa ein svært glad Eldar Engelund frå Hornindal på direkten til Radio Stryn i kveld.

Senterpartiet fekk totalt 20,9 % av stemmene, Høgre 19,3 &%, Arbeidarpartiet 13,8 %, KrF 9,0 %, Voldalista 8,0 %, SV 7,5 %, MDG 6,2 %, Venstre 5,9 %, Frp 5,5 % og Raust 2,1 %.


Det vil gje følgjande mandatfordeling:

Senterpartiet - 7

Høgre - 6

Arbeidarpartiet - 5

KrF - 3

Voldalista - 3

SV - 3

MDG - 2

Venstre - 2

Frp - 2