Vestland beste fylkeskommunen i landet på valdekning

Vestland hadde aller best valdeltaking av alle fylkeskommunar. Her ventar Alena Kralovicsova og Kamil Kralovics, som skal røyste i Norge for første gong, saman med Sissel Tenden frå røystestyret i Loen.   Foto: Gunnhild Sindre

New Articles

Vestland er det beste fylket i landet i valdeltaking ved fylkestingsvalet 9. september med 62,6 prosent, opplyser Hordaland fylkeskommune på sine nettsider. Gjennomsnittet ved fylkestingsvalet for heile landet er 59,7 prosent.

Nest beste fylke er Rogaland med 60,6 prosent og Trøndelag på 3. plass med 60,0 prosent. Lågast valdeltaking av fylka har Nordland med 54,8 prosent.

Samanlikner vi valdeltakinga i Vestland med valet i Hordaland og Sogn og Fjordane for fire år sidan, er det stor framgang. I Hordaland deltok 57,9 prosent ved fylkestingsvalet i 2015. I Sogn og Fjordane deltok 60,4 prosent. Valdeltakinga ved fylkestingsvalet er noko lågare enn ved kommunevalet. Oslo, som er både kommune og fylke, hadde ei valdeltaking på 66,6 prosent ved valet i år.

65 representantar

I det nye Vestland fylkesting er det 65 representantar. Det førebelse valresultatet viser at Arbeidarpartiet blir det største partiet med 20,4 prosent av stemmene og 14 mandat. Det utgjer ein tilbakegang på 11,7 prosentpoeng i høve førre fylkestingsval i Hordaland og Sogn og Fjordane.

Høgre er neststørst med 17,9 prosent og får 12 mandat. Dette er 1,7 prosentpoeng tilbake.

Senterpartiet er på 3. plass med 15,7 prosent og 10 mandat. Dette er ein framgang på 4,6 prosentpoeng.

På fjerde plass kjem Folkeaksjonen Nei til mer bompenger med 9,0 prosent og 6 mandat.

Framstegspartiet er på femte plass med 8,7 prosent og får 6 mandat. Dei går attende med 2,1 prosentpoeng.

Miljøpartiet De Grønne er på sjette plass med 7,0 prosent, får 5 mandat og går fram 1,9 prosentpoeng.

Sosialistisk Venstreparti får 6,3 prosent, går fram 1,6 prosentpoeng og får 4 mandat.

Kristeleg Folkeparti får 4,9 prosent, 3 mandat og går 2,3 prosentpoeng tilbake.

Venstre får 3,5 prosent, 2 mandat og går tilbake 1,6 prosentpoeng

Raudt får 3,5 prosent, 2 mandat og går fram 1,9 prosentpoeng

Pensjonistpartiet får 1,1 prosent, 1 mandat og går fram 0,6 prosentpoeng.

Dei andre seks partia, som stilte til val, får ikkje mandat. Det gjeld Partiet De Kristne 0,8 prosent, Helsepartiet 0,3 prosent, Demokratene 0,3 prosent, Norges Kommunistiske Parti 0,2 prosent, Piratpartiet 0,2 prosent og Liberalistene 0,2 prosent.

I alt var det 494 646 røysteføre i Vestland. Av desse stemte 309 015. Og 110 664 av desse stemte på førehand. 4289 stemmer var blanke og 53 stemmer vart forkasta.